Sjølvbetjening av bær, frukt og eplemost
Sesongen 2025
Me beklagar å meddela at det ikkje vert noko drift av Steinstø frukt- og kakebu.
På grunn av helsemessige årsaker har me tatt nokre vanskelege val for den vidare drifta. Det inneber å ikkje driva Steinstø frukt- og kakebu eller gardsrestauranten. Samt at det ikkje vert dreve turisme. Garden vert driven vidare i noko mindre målestokk enn før.
Me har ope utsalet dagleg frå klokka 10.00 til 18.00. I løpet av tida som kjem i september vil me ha ulike typar pærer og eple. Pærer vil ta slutt ca i midten av september.
For å sjå kva typar me har for sal, føl oss på Facebook under “Steinstø frukt- og kakebu”
Steinstø Kakebu AS ved Heidi Steinstø Helgheim, har flytta lokasjon til Folkets hus i Ålvik. Dersom du ynskjer catering eller å ha selskap, kan du ta kontakt med Heidi på mail: heidi.helgheim@gmail.com eller telefon 996 91 527.