Steinstø Fruktgard ligg idyllisk til i fredlege omgjevnader
ved den vakre Hardangerfjorden.
Steinstøslekta har drive garden i ni generasjonar.


Jordbæra i Steinstø er i normalår mogne i midten av juni. Søte, store bringebær kjem vanlegvis i juli, og får følgje av moreller, kirsebær, plommer, eple og pærer. Lagringsfrukt har me frå september til sesongen vert avslutta nærare jul. I eit normalår haustar me om lag seksti tonn frukt og bær.

Me sel all frukta sjølve og har difor eit rikt utval plomme-, eple- og pæresortar. Me har alt frå tidleg til seint mogen frukt, til saman 15 ulike plomme- og pæresortar, og 25 eplesortar. Me har alltid frisk og nyplukka frukt i sommarhalvåret, noko for kvar ein smak.


 

haustfest_2008_november_2008_001.jpg

Frukt-
og bærtypar

jordbær.jpg

GARDSmAT-PRODUKT

FullSizeRender.jpg

Eplemost
og saft

juli09 017.JPG
SYLTETØYS.jpg

Syltetøy

Kjeks.jpg

BAKVERK

Steinstøprodukt.jpg