Frukt & bær

JORDBÆR
Sesong: Ca. 15. juni–20. juli

Polka: Tidleg sort.
Korona: Store fine bær.
Bounty: Seinare sort, fast og søtt - vår hovudsort.

MORELLER
Sesong: Ca. 1. juli - slutten av august

Tidlegsortar (frå ca. 1. juli): Burlat, Kassin, Merton Glory (gule).
Middels-seine (frå ca. 7. juli): Merchant, Vega (gule)
Seine (frå ca. 14. juli): Sunburst, Van, Ulster, Sue, Stella, Techlovan, Lapins.

BRINGEBÆR
Sesong: Medio juli – medio august

Glen Ample: Store fine dessertbær, òg eigna til sylting.

KIRSEBÆR
Sesong:August

Fanal: Mørke og store, eignar seg til sylting, likør m.m

PLOMMER
Sesong: August – slutten av september

First: Saftige, svært tidleg sort. Eteplomme.
Blåplommer: Gamal sort. Søte/ syrlege, slepper steinen. Gode til eting, sylting og hermetisering.
Edda: Svært god eteplomme.
Opal: God til eting, sylting og hermetisering.
Mallard: God til eting, sylting og hermetisering.
Reine Cloude d`oullins: Stor god og gul eteplomme. Svært god til syltetøy.
Reine Cloude: God gamal sort. Små, men svært søte. 
Althans: Vanskeleg å dyrka, difor sjeldan. Frisk og søt smak, løyser steinen.
Viktoria: Gamal, solid sort. God til eting, sylting og hermetisering.
Hackmann: Gul stor plomme. Minnar litt om reine Cloude d`ouillins.
Reeves: Svært stor og frisk god eteplomme. Fast konsistens.
Excalibur: Svært stor og søt eteplomme.

PÆRER
Sesong: Byrjinga av august – slutten av oktober. 

Skånsk Sukkerpære: Søte små pærer, lite haldbare.
Broget julipære: Saftig tidleg-pære.
Pricose de Trevoux: Litt ”krydderaktig” smak, lite haldbar.
Keiserinnepærer: Søt og saftig. Populær etepære.
Giffard: Litt syrleg, men god smak.
Ingrid: Ny, svært populær sort. Søt, saftig og fast.
Møllebust: Gamal sort. Lita, saftig pære.
Amandlis: Store og svært saftige.
Herrepære: God gamal sort. Middels stor. Svært smakfull.
Greve Molkte: Gamal sort. God til både eting og hermetisering.
Clara Frijs: Saftig, god etepære. God haldbarheit.
Gråpære: Gamal, god pæresort. Svært søt.
Herzuginne Else: Saftig. God til både eting og hermetisering. Haldbar.
Dobbel Phillip: Fine til hermetisering.
Conference: God etepære. Svært haldbar.
Ingeborg: Ny sort. Stor og saftig etepære. Haldbar.

EPLE
Sesong: August – desember. 

Transparente: Gamal sort, lite haldbar.
Close: Syrleg med god smak, lite haldbar. 
Vista Bella: Godt ete-eple, held seg ca 1 mnd.
Quinte: Litt syrleg sommareple, lite haldbar. 
Discovery: Flott eple med fyldig smak.
Prins (gul og raud): Bergensarane sitt favoritt-eple, hardt og sprøtt. 
Kronprins: Som prins, men heilt mørke-raude.
Summerred: Syrleg, smakfullt eple, haldbare til desember.
Gravenstein (gul og raud):Saftig, haldbare til jul.
Torstein (gul og raud):Svært haldbare.
Kaupanger: Harde, sprø eple, minnar om prins, men er haldbare til over jul. 
Åkerø: Austlendingane sitt favoritt-eple.
James Grieve: Far sitt favoritt-eple, søtt og saftig, haldbare til desember.
Aroma: Best-seljaren, søtt, saftig og haldbare til langt over jul.
Ingrid Marie: Svært godt lagringseple.
Håkonseple: Gamal sort, godt lagringseple.
Filippa: Godt lagringseple, ”far” til Aroma.
Elstar: Frisk søt og god smak, godt lagringseple.

 For gode tilbod og bestilling, ta kontakt på:
post@steinsto.no, 996 91 527