Steinstø Frukt- og Kakebu

Like ved fylkesveg 7 ligg fruktutsalet og kafeen vår, Steinstø Frukt- og Kakebu.

Kakebua er no stengd for sesongen.
Me sel produkta våre oppe på garden. Velkomen oppom! (Lurt å ringa Ola 92252637 eller Heidi 99691527 på førehand dersom du kjem langvegs frå). Me har framleis mykje eple på lager, heilt fram til jul.
 
Kakebua opnar igjen juni 2018.


For meny: Sjå facebook - Steinstø frukt- og kakebu.
 

Kafeen har eit godt utval kaffimat, inkludert den verdskjende eplekaka vår. Du kan sitja inne eller ute og nyta praktfull utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna i himmelsynet.

Fruktutsalet ligg vegg i vegg med kafèen. Her finn de frukt og bær frå garden, eigenprodusert syltetøy og bakverk, og gardsmatprodukt frå andre lokale leverandørar.

Velkomen!

Lik og følg gjerne Steinstø Frukt- og Kakebu på Facebook!

 
 
 
 

        Rediger